tirsdag 8. oktober 2013

Den unike





Det å bli ramma av kreft er noko ein ikkje ønsker sin verste fiende, og det vil i alle tilfelle kjennast forferdeleg urettferdig å bli ramma. Kvifor meg? Kvifor ho? Kvifor dei? Det rammar alltid den beste. Kvifor?

I vårt tilfelle er det: kvifor vår Renate? Denne varme, dønn ærlige, til tider (for) direkte, blide, inkluderande og småhissige solstråla vår. Kvifor? Eg har med dette lyst til å fortelja litt om kvifor Renate er så spesiell for meg i denne fortvila situasjonen. Kvifor det for meg er så urettferdig at akkurat mi Renate er blitt så hardt ramma av denne faenskapen. Kvifor Renate er så unik midt oppi alt elende.

Eg traff Renate sommaren/hausten 2006 - på Åsen i Stavanger. Nærare bestemt i hundebinga der kor me begge to hadde kvar sin jamngamle rottweilervalp. Eg hadde akkurat starta opp klikkertrening, og hadde satt meg veldig godt inn i både rasen og treninga. Ingenting var tilfeldig der i gården. Med Renate var ståa litt annleis, men med sitt opne sinn og vinnande vesen kom me i veldig god kontakt. Ho lot seg nemleg ikkje skremma av ein vilter rautdtopp i frå Karmøy med monopol på hundetreningsvett. Tvert i mot. Renate sugde til seg alt ho kunne av denne nye kunnskapen eg ausa ut med - og me endte opp som treningskameratar i regi Siddis Hundeskole.

Med hundane og lik treningsfilosofi som fellesnemnar, i tillegg til at Renate og eg fant så godt tonen oss i mellom, blei det etterkvart fleire gode og lange turar i lag. Med desse turane blei me meir og meir kjent med kvarande, og dei gode samtalane kom etterkvart som perler på ei snor. Det er ikkje eit einaste verdsproblem me ikkje har løyst. Store som små. Renate er herlig å snakka med. Der får du sanninga - om du vil eller ikkje. Totalt blotta for kamuflasje. Ho bruker lite energi på å pakke meiningane sine inn for å tilpassa omverda. Så utruleg befriande og lett å forhalda seg til.

Eg hugsar enno den dagen på parkeringsplassen ein standard vestlandsdag i 2010 ved Hundeskogen då Renate fortalde at det var funne noko på eggstokkane hennar. Det var ikkje påvist noko kreft enno, men Renate hadde ein dårleg magefølelse. Ein magefølelse som viste seg å stemma.

Med livet som mål og innsats heiv Renate seg inn i kampen mot kreften - og eg fekk sjå oppturar og nedturar til det som eg skulle læra at er eitt av dei sterkaste og finaste menneska eg har rundt meg.

Så kva er det med Renate som gjer akkurat ho så veldig unik i ein slik situasjon?

Det er ikkje lett å vera venner og familie når ein av dei du set så høgt blir diagnostisert med ein så alvorleg kreftsjukdom. Eg for min del syntes det var vanskeleg å balansera trøst og oppmuntring. Korleis trøste utan å svartmale alt? Korleis oppmuntre, men samstundes vise at ein forstår alvoret i situasjonen? Renate gjorde det enkelt. Ho har ei evne til å forstå samstundes som ho viser og let oss rundt fortstå at ho faktisk forstår. Og skulle du vippe for mykje over til den eine eller andre sida får du beskjed om det. I tillegg har Renate alltid vore open om korleis ho har det. Fysisk og psykisk. Det har gjort det lettare å vita kva ein skal fokusere på i trøsten og oppmuntringa.

Det er ikkje alltid like lett å vita om og når du blir for pågåande eller unnvikande. Men med dette opne og ærlige lynne sitt har Renate nok ein gong gjort ting litt enklare for meg. Eg veit at Renate berre tek i mot besøk og tek telefonen når ho orkar, men du er alltid garantert å få eit svar så snart ho er klar for å gi det. Renate gir beskjed når ting er tøft, og ho er dønn ærleg om korleis ho kjenner seg. Ho er ikkje den som seier at ting går bra slik at me som sit rundt skal føla oss betre - heldigvis - men ho har heller aldri gått i "offerrolle-fella". Renate har vist seg å vere ein optimistisk realist - noko som har gjort det  lettare for meg å vere open og ærlig om kva eg tenkjer rundt det å vere der for Renate og støtte ho. Og det er ikkje gitt at ei venninne kan tillate seg å vere såpass ærleg og open som eg har fått lov til å vere utan å trø i salaten…

Sjølv om kampen til Renate til tider har fortont seg tøffare enn fortjent (i den grad me kan snakke om å fortjene denne kampen…)har eg aldri opplevd ho som bitter. Me kan ha samtalar om kor oppgitt me er over kor urettferdig ting kan tillate seg å bli, men aldri har eg måtte åtvare om det å bli bitter. Og det i seg sjølv er i høgste grad verdt kvar ei grad av beundring - fordi me er i ei aldersgruppe der livets milepælar kjem relativt tett.

Den turen i Hundeskogen eg hugsar aller, aller best og som seier alt om kor raus Renate er, hadde me rett før den - for Renate - skamtøffe jula i 2011. Turen starta med alvoret i Renate sin situasjon. Korleis legane oppfordra til å leve livet å finne kva som var viktig å fokusere på. Legane ville ikkje gi noko tidsaspekt, men som Renate - den gong 32 år ung - sa: "Eg skal vere glad om eg rekk å bli 40 år." Det gjer inntrykk på ein. I alle fall når turen brått får ei vending med at eg - den gong 31 år ung - fekk telefon i frå eit rekrutteringsbyrå som ville ha meg inn i ein ny jobb. Eg sto midt i Hundeskogen oppå ein hagebenk og forhandla løna og vilkåra som skulle til for å gå i frå ein god jobb til fordel for ein anna god jobb og nye utfordringar. Nedanfor hagebenken sto Renate og hundane som heiagjeng med eit einaste stort glis og viste tommelen opp. Det var ei genuin glede på mine vegne - berre minuttar etter at me hadde snakka om at ho ikkje lengre hadde den moglegheita sjølv - til å videre- og etterutdanne seg for å søka nye og spennade utfordringar innan for sitt interesseområde.

Det kunne lett ha blitt ein beklemt situasjon - men eg opplevde det som stikk motsatt. Renate gjorde spenninga, og gleda enno større for meg med å vere der med oppmuntringa si. På trass av alt faenskapen Renate har måtte tåla har den genuine gleda for andre rundt seg aldri blitt rokka på. Det har aldri vore ubehageleg å komme til Renate med det som for meg har vore store og viktige ting - uansett kor Renate har vore i kreftsirkelen. Siste store nyheita eg fekk fortejle var beskjeden om at me venta eit lite småtroll i slutten av oktober. Og der var den genuine gleda for meg nok ein gong. Berre denne gong var det også rom for litt bekymring - i og med at me var midt oppi huskjøp og oppussing - alt det klassiske som skal til for å få eit forhold til å skrante. No er terminen vår rett rundt hjørnet og Renate har enno rom for å sjå til at formen min er fin, at eg passar på blodtrykket og slappar av slik eg er pålagt å gjere. Dette parallellt med at ho no tek siste sats med livet som mål og innsats i sin viktige kamp.

Derfor er Renate så unik for meg. Fordi ho har hjarterom til alle vennene sine og deira milepælar samstundes som ho har fått rive vekk sine framtidige milepælar. Samstundes som ho fleire gonger har sett døden i kvitauga har ho ei ekte glede for alt det positive som skjer med sine rundt seg. I staden for å bli bitteheita let ho seg inspirere til vidare kamp. Samstudens som ho har hatt store bekymringar både når det kjem til seg sjølv og dei næraste i familien sin; har ho også rom for å vise bekymring og innleving i livet til vennene sine. Renate er eit råskinn og har ein kapasitet dei fleste kan ha problem med å følge i eit normalt, friskt liv.

Så no står me her - heilt makteslause og vil så gjerne hjelpe denne kvardagsengelen vår. Håpet er at Renate skal få sjangsen til å reise ned til Tyskland for å prøve CyberKnife behandlinga der. Renate har eit fantastisk støtteapparat og nydelige venner som no gjer det dei kan for å hjelpe til med siste innspurt. Innsatsviljen er så stor at eg rett og slett blir rørt. Og eg kan med handa på hjarta seie at innsatsen til vennene er så inderleg fortjent.

Størst av alt er kjærleiken - og me ønsker så gjerne å få gi kjærleik tilbake til Renate i lang tid framover…


Stor, stor klem i frå na Dagmar

4 kommentarer:

  1. Fytti Dagmar - jeg gråter!
    Så sanne ord til en unik dame!
    Jeg mangler ord, og kan ikke annet enn å si meg helt enig i alt det du skriver

    SvarSlett
  2. Hei Dagmar! Fantastisk innlegg!!! Tusen takk for at du gir oss som ikkje kjenner Renate så godt eit innblikk i nettopp Renate. Ærlig og herlig.

    SvarSlett
  3. Flott inlegg! <3

    Hilsen Kristin

    SvarSlett
  4. Kjære Dagmar og Renate!
    Så mange fine ord, ærlige og oppriktige. Så heldige dere har vært som fant hverandre og fikk oppleve et så godt og nært forhold som har vist seg slitesterkt når livet røyner på. Dere er begge heldige som har dette med dere i baggasjen videre - uansett! Livet er akkurat nå!

    SvarSlett